Sogn og Fjordane 1 vann herrestafetten framfor Oppland 1 og Oslo og Akershus 2

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Sogn og Fjordane 1, med Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø, vann NM-stafett for herrer. Oppland 1, med Harald Øygard, Emil Nyeng, Vebjørn Sørum og Sivert Guttorm Bakken blei nr to medan Oslo og Akershus 2, med Sturla Holm Lægreid, Jørgen Brendengen Krogsæter, Truls Fjellheim Jorde og Endre Strømsheim tok 3.plassen.

Sivert Guttorm Bakken gjekk ut ca 20 sek bak Johannes Thingnes Bø på siste etappe, og med framifrå skyting med null ekstraskot, ga han verdsmeistaren kamp heilt til døra. Men rutinen avgjorde, og Johannes vann med 16 sek. Oslo og Akershus 2 tok ein svært overraskande 3.plass 3 minutt bak vinnarlaget. Vi gratulerer alle med flotte løp!


Medaljeseremoni NM-stafett menn

Frå venstre: Vinnarlaget med Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

Brørne Fjeld Andersen frå Geilo, gjekk på kvart sitt Buskerud-lag på fyrste etappe, og dei leia ut frå ståande skyting. Filip på skive ein med startnr 46, vann prestisjeduellen mot storebror, her på skive to med startnr 35, og veksla fyrst.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline