Favorittsiger til Oslo og Akershus i NM-stafett for kvinner

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Oslo og Akershus var store favorittar til å vinne NM-stafetten for kvinner, og dei innfridde favorittstempelet. Thekla Brun-Lie gjorde det litt spennande ved å måtte ut i ei strafferunde på sin ståande skyting, men derfra og inn blei det ein parademarsj for Ingrid Tandervold og Tiril Eckhoff. Tiril krona det heile med å plaffe 5 blinkar rett ned på siste ståande skyting. 

Sør-Trøndelag 1 blei nr to 1 min og 45 sek bak medan Nord-Østerdal blei nr tre. Vi gratulerer alle tre med flotte resultat.

Frå venstre: Sør Trøndelag 1, Oslo og Akershus 1 og Nord-Østerdal 1

Frå venstre: Thekla Brun-Lie, Tiril Eckhoff og Ingrid Tandervold

Øvrige resultat finn de her

Liveresultat stafett kvinner

23 lag stilte til start i kvinnestafetten. Her rett etter start sundag morgon




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline