Transport og parkering

Postet av NM Skiskyting 2019 den 2. Jan 2019

Transport og parkering for publikum, frivillige og deltakarar

Publikum

Vi oppmodar publikum til å ta buss til Liatoppen Skisenter då det kan bli trangt med parkering.

Gratis buss startar på Vangen kl. 09.00 laurdag 5. januar og 08.30 sundag 6. januar.

Retur etter siste premieseremoni for senior, ca 14:00 på laurdag og ca 12:45 på sundag.

Bussen går frå Vangen og følgjer Sundrevegen opp til Liatoppen og stopper på signal.

Parkering: Det koster 50 kr pr dag som kan betalast med VIPPS til 543344

Bubilparkering

Alle bubilar skal parkerast hos Liapark AS.
Ring og bestill plass på telefonnr. 950 76 196.

Funksjonærar

Det er sett opp buss for funksjonærar laurdag og sundag. Bussen går frå Vangen kl 8:15 på laurdag og kl 8:00 på sundag, følgjer Sundrevegen til Hallingmøbler, deretter opp Liagardane. Den tek opp funksjonærar undervegs.

Vi oppmodar dei som kan om å ta buss. Ikkje alle kan gjera det, og dei må køyre bil. Er det mogleg med samkøyring er det bra. Sjå på lista om det er nokon som skal starte samstundes.

Alle funksjonærar skal parkere ved flislageret til Liapark AS. Køyr til venstre rett før brattbakken opp til stadion. Flislageret ligg innerst.

Når dykk har parkert går dykk på stien rett ovafor flislageret. Då kjem de opp på stadion.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline