Filmprodusentane medhjelpar for NRK

Postet av NM Skiskyting 2019 den 28. Des 2018

Dagleg leiar i Filmprodusentane AS, John Storhaug, er lokal medhjelpar for NRK under direkteoverføringa på TV. Han har også hatt ei nøkkelrolle under planlegginga.


Det er eit enormt apparat som blir sett i sving for å få NM i skiskyting rett inn på TV-skjermane. NRK stiller med 20 TV-kamera og eit mannskap på 34 med produsent Ola Fagerheim og kommentatorane Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde i spissen.

Direkteoverføring er også kostbart. Budsjettet til NM-arrangøren  auka med over 1,7 millionar kroner på grunn av TV-overføringa.


I midten av desember var eit team frå NRK på Liatoppen og sette opp ei skotsikker brakke ved standplassen. Der kan fotografane sitja trygt og filme.

Mannskap frå NRK var på Liatoppen i midten av desember og sette opp ei skotsikker brakke på standplassen. Her er Morten Hugo Hansen t.v. og Morten Knudsen i NRK-staben i gang med monteringa. Foto: Torbjørn Gunhildgard


Etter sju års erfaring frå Bendit Liatoppen Skiskytterfestival, fekk John Storhaug i Filmprodusentane AS i oppdrag å vera teknisk rådgivar og bindeledd mellom NRK og NM-arrangøren.

­ - Me har gått opp løypa før og kjenner utfordringane på Liatoppen. Største utfordringa var å få to semitrailarar på 18 meter og 40 tonn opp på stadion. Løysinga er å bruke vegen opp til hyttene i Liapark, seier Storhaug.

NRK-produsent Ola Fagerheim t.v. og medhjelpar John Storhaug i Filmprodusentane AS på plattingen  ved standplassen der den skotsikre brakka er sett opp. Foto: Torbjørn Gunhildgard

 ­- Di rolle under NM?

- Min jobb er å passe på at TV-signala blir overført på storskjerm på stadion. Utanom sending skal me levere dagsaktuelle glimt frå dagleglivet i Ål slik at det alltid er bilete på storskjermen.

 

­Filmprodusentane AS har hovudkontor på Ål med John Storhaug og Hallgrim Ødegård som fast tilsette. Jørgen Storhaug jobbar ved Oslo-kontoret, Hallgrim Haug er freelancearbeidar og held til i Los Angeles.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline